20200519 VS - Hafslo og Kj├©rnes camping M2P_0260.jpg

Det beste utgangspunktet for å oppleve fjorden - fjella og breen

Kjørnes Camping ligg vakkert til ved Sognefjorden, 3 km frå Sogndal sentrum.
Me tilbyr hytter, leilegheiter og 140 plassar for bubilar, campingvogner og telt. Alle plassar har straumuttak

  • Stort lysthus - Sjøbua

  • Variert turterreng i nærområdet

  • Kveldssol

  • Panoramautsikt til Sognefjorden

  • 1 km strandlinje

  • Fjordsti - kyststi

We have just returned from an 8 week camping tour of Scandinavia and the Baltic and stayed for 3 nights at Kjornes. The facilities are second to none (we have visited 28 countries in Europe in the last 3 years). The location is so handy for the Sognefjord and the views from the campsite are beautiful.
— Sitat frå gjest på TripAdvisor

Eit svært sentralt utgangspunkt

Med sin lokalisering midt i Fjord Norge, er Kjørnes Camping og Fjordhytter eit svært sentralt utgangspunkt for aktivitetar og opplevingar ved Sognefjorden.

I løpet av ein time kjem du til dei mest kjende attraksjonane som Nærøyfjorden, Flåmsbana, Urnes stavkyrkje, Sognefjellsvegen, Jostedalsbreen- Jotunheimen- og Breheimen- nasjonalparkar.

Fjordområda er kåra til verdas beste reisemål av National Geographic. Nærøyfjorden og Urnes stavkyrkje står på Unesco si verdsarvliste.

Molden er ein av dei vakraste turane i Sogn. Foto; Vegard Aasen/Visit Sognefjord.